top of page
Reiseliv i Hareid
Reiseliv i Hareid

ons. 03. des.

|

Hareid

Reiseliv i Hareid

Tid og stad

03. des. 2025, 18:00 – 20:00

Hareid, Strandgata 89, 6060 Hareid, Norge

Om arrangementet

Sommaren 2026 kjem dei fyrste cruiseturistane til Hareid. Korleis skal vi ta imot dei slik at det blir mest mogleg verdiskaping lokalt? Og kva nye tilbod kan det vere lurt å satse på?


Vekst i Hareid inviterer til ope møte om reiseliv, med fokus på inspirasjon og praktiske tips.


🕗 Onsdag 3. desember kl 18-20

📍 Millennium cowork


For kven: Alle som driv næring retta mot turistar – eller som kanskje har lyst til å gjere det i framtida.


Desse vil halde innlegg denne kvelden:

  • Tom Anker Skrede frå Destinsjon Ålesund og Sunnmøre orienterer om arbeidet til Hareid cruisenettverk.  

  • Jacob Bredesen frå Port of Nordfjordeid vil fortelje om erfaringane deira med cruiseturisme. Han vil også kome med praktiske råd til korleis ein kan auke omsetninga desse dagane.

  • Anniken Aakvik frå Offbeat Adventures vil fortelje om sitt arbeid med reiseliv.

  • Robert Voldnes vil informere om hoppid-ordninga til Hareid kommune.

 

Registrer deg i skjema om du vil kome.

Del dette arrangementet

bottom of page