

tir. 05. mai
|Millennium Cowork
Næringstreff om inkluderande arbeidsliv
Tid og stad
05. mai 2026, 14:00 – 16:00
Millennium Cowork, Strandgata 89, 6060 Hareid, Norge
Om arrangementet
Næringsliv og kommune treng fleire tilsette med rett kompetanse i åra som kjem. Samstundes står mange utanfor arbeidslivet. Korleis kan vi samarbeide for å både møte behovet for arbeidskraft og få fleire menneske inn i arbeid?
Denne dagen kjem mellom anna statistikksjef i NAV, Ulf Andersen, til Millennium Cowork på Hareid. Han er ein veldig dyktig formidlar, som ved hjelp av statistikk vil fortelje oss om kvifor vi må tenke meir inkluderande i rekrutteringsprosessar framover. Lene Trude Solheim, regiondirektør i NHO Møre og Romsdal, vil halde innlegg om arbeidsinkludering frå NHO-perspektiv, og Marthe Longva Strandbakken vil dele nokre erfaringar frå sin jobb som HR/QHSE-koordinator ved Larsnes Mek. Versted AS. I tillegg får vi fleire innlegg med konkrete verktøy ein kan bruke i rekrutteringa.
Og som om dette ikkje var nok: Det vert også premiere på Hareidsfilmen som Nanseth Media har produsert for oss.
Ikkje vent for lenge med å melde deg på! Registrer deg via skjema.
