

tir. 10. feb.
|Hareid
Mødre på bedriftsbesøk: Tysdag 10. februar
HS Rise Bygg og Millennium Kafé
Tid og stad
10. feb. 2026, 15:00 – 17:30
Hareid, Strandgata 89, 6060 Hareid, Norge
Om arrangementet
Visste du at det faktisk er mødrene som har mest å seie for kva utdanningsval ungdomane tek? Vi ønsker difor å invitere mødre (og sjølvsagt også fedre og ungdomen sjølv!) til seks bedriftsbesøk hos arbeidsgjevarar i ulike bransjar i Hareid, for å gi eit godt innblikk i kva jobbmoglegheiter som finst i kommunen vår.
Etter bedriftsbesøka tek vi turen til Millennium Cowork for mat og prat. I tillegg vil relevante aktørar stille med stand for å gi meir informasjon om moglege utdanningar.
Denne dagen besøker vi HS Rise Bygg og Millennium Kafé.
Vi har eit avgrensa antal plassar til arrangementet, så vi treng registrering. Sjå knapp øvst på sida for å registrere deg.
NB: Ei påmelding pr person som skal vere med.