

fre. 16. feb.
|Microsoft Teams
Informasjons- og motivasjonswebinar om "Bli med hit!"
Velkomen til webinar om rekrutteringsmessa "Bli med hit!" fredag 16. februar klokka 09:00-10.00.
Tid og stad
16. feb. 2024, 09:00 – 10:00
Microsoft Teams
Om arrangementet
"Bli med hit!" har som mål å rekruttere arbeidskraft tilbake til regionen. Det er to messer årleg - ei i Oslo på våren og ei i Trondheim på hausten. Dette er ein god møteplass for næringslivet i fylket og potensielle framtidige sunnmøringar som bur i Oslo- eller Trondheimsregionen. Messa er ikkje berre for dei som treng å rekruttere no, men eit langsiktig arbeid med bulyst og omdømebygging for å trekke kloke hovud til regionen vår. Neste messe er i Oslo 11. april på Clarion Hotel The Hub.
Agenda for webinar:
Velkomen ved NæSS.
Trine Hofseth Helgå frå Ålesund Næringsforeining fortel om messa og gir oss praktisk informasjon om deltaking.
Presentasjon av omdømeundersøkinga for Sunnmørsregionen som undersøkjer korleis vi vert oppfatta lokalt, regionalt og nasjonalt.
Innlegg frå Per Einar Moldskred frå Ulstein Power & Control og Merete Alnes Mostue frå MMC First Process. Dei har delteke på "Bli med hit!" og skal fortelje om si oppleving og kvifor dei vel å prioritere denne messa.