

man. 02. feb.
|Ulsteinvik
Garden som ressurs
Nytt møte for dei som ikkje fekk plass på møtet i haust!
Tid og stad
02. feb. 2026, 18:00 – 20:00
Ulsteinvik, Sjøgata 30, 6065 Ulsteinvik, Norge
Om arrangementet
Garden som ressurs – inspirasjons- og informasjonsmøte
Har du tankar, idéar eller draumar om å utvikle noko nytt på eigen gard? Då er dette møtet for deg!
I fjor vart møtet arrangert på Hareid, og interessa var så stor at det raskt vart fullteikna. No ønskjer vi å gi fleire høve til å delta, og inviterer difor til nytt møte, denne gongen i Ulsteinvik.
Her får du møte landbrukskontoret og verkemiddelappartet representert ved hoppid. Dei vil dele informasjon om ordningar, tilskot og moglegheiter for deg som vurderer tilleggsnæring eller anna utvikling på garden.
I tillegg kjem Terje Grønmyr frå Kråen Gard i Sande kommune. Dei har på kort tid utvikla garden til å bli ein skikkeleg reiselivsdestinasjon med fokus på lokale råvarar.
Målet med møtet er å inspirere, gi nyttig kunnskap og skape kontakt mellom lokale gründarar og støtteapparatet. Vi ønskjer å stimulere til meir samarbeid, engasjement og verdiskaping i landbruket, og satsar på skikkeleg inspirasjonspåfyll denne kvelden!
Program
Velkomen v/ Ulstein Næringsforum og Vekst i Hareid
Lokalt døme: Terje Grønmyr fortel om satsinga på Kråen Gard
Informasjon frå landbrukskontoret v/ Anne Kathrine Løberg
Verkemiddelapparatet v/ Robert Voldnes, Hoppid
Spørsmål og diskusjon
Har du ein idé eller ein draum knytt til garden din, er dette ei flott moglegheit til å få inspirasjon og rettleiing, og møte andre som også vurderar å starte opp med noko.
Vi oppmodar deg som driv, er nysgjerrig eller ønskjer å starte, ny næring på garden til å melde deg på!
Møtet er gratis.
Meld deg på i lenke!
Det vert lett servering av mat og drikke.