top of page
Garden som ressurs
Garden som ressurs

man. 17. nov.

|

Hareid

Garden som ressurs

Møte for deg som har ein draum eller idé om å utvikle noko på garden din!

Tid og stad

17. nov. 2025, 18:00 – 20:00

Hareid, Strandgata 89, 6060 Hareid, Norge

Om arrangementet

Ope for alle interesserte. 

 

Tidspunkt: Måndag 17. november kl 18-20

Stad: Millennium Cowork, Strandgata 89, Hareid

 

Her får du møte verkemiddelapparat som kommune, hoppid og Innovasjon Norge, som vil fortelje om sine ordningar, tilskot og moglegheiter.

Møtet skal bidra til å lyfte fram dei som går med tankar om å utvikle noko på eigen gard og bidra til kontakt med støtteapparatet.

 

Møtet har som mål å stimulere til auka samarbeid og engasjement mellom lokale gründarar.

 

Program

  • Velkommen v/ Vekst i Hareid og Ulstein næringsforum  

  • Lokalt døme – Terje Grønmyr fortel om satsinga deira på Kråen Gard.  

  • Informasjon frå landbrukskontoret v/ Anne Kathrine Løberg

  • Pause med servering

  • Verkemiddelapparatet kort forklart + Hoppid-ordninga si rolle ved tilleggsnæring, v/ Robert Voldnes

  • Andre landbruksbaserte næringar – Korleis Innovasjon Norge kan bidra, v/ kunderådgjevar Anita Vik Buckley

  • Spørsmål og diskusjon

Har du ein draum eller idé om bruk av garden din, er dette møtet perfekt for deg!

 

Vi oppmodar deg som driv eller ynskjer å starte med ny næring på garden, til å delta.

 

Påmelding: Møtet er gratis, men vi må ha påmelding på grunn av planlegging av matservering.

 

Får du ikkje meldt deg på via det digitale skjemaet, kan du sende ein e-post til christine.erdal@hareid.kommune.no

 

Vel møtt!

 

Arrangørar

  • Det interkommunale landbrukskontoret for Herøy, Ulstein og Hareid

  • Vekst i Hareid

  • Ulstein næringsforum

Del dette arrangementet

bottom of page