

fre. 07. nov.
|Ulsteinvik
Fabelaktig fredag
For fyrste gong arrangerer vi Fabelaktig Formiddag på Søre Sunnmøre. Dette er eit annleis arrangement som bygger bru mellom arbeidssøkarar og arbeidslivet, og som løftar fram inkludering som ein nødvendig del av framtida sin rekrutteringsstrategi.
Tid og stad
07. nov. 2025, 09:30
Ulsteinvik, Sjøgata 10, 6065 Ulsteinvik, Norge
Om arrangementet
Regionen vår treng å få fleire folk inn i/eller tilbake til arbeid eller utdanning. For å lykkast med det er vi avhengige av eit raust og inkluderande arbeidsliv. Med Fabelaktig Fredag, ønskjer vi å inspirere, men også gje noko tilbake til dei verksemdene som bidreg, mellom anna med å gje arbeidspraksis. Å kunne hylle og stimulere den rause inkluderingsviljen er viktig for oss.
Fabelaktig Fredag handlar derfor om fag, å hylle godt samarbeid, bygge nettverk og ikkje minst at alle kan gå ut av denne dagen med ny motivasjon, inspirasjon og ønskje om å ville vere ein god samfunnsdeltakar og brubyggjar i samfunnet vårt!
Les meir om arrangementet her: https://www.fabelaktigfredag.no/sunnmore/sore-sunnmore/