

man. 11. aug.
|Hareid
Cowork-veka // Hareid
Tid og stad
11. aug. 2025, 08:00 – 15. aug. 2025, 16:00
Hareid, Strandgata 89, 6060 Hareid, Norge
Om arrangementet
Cowork-veka // Hareid
Er du heime på Sunnmøre, og har lyst til å forlenge opphaldet med nokre dagar? Sit du på heimekontor, og har lyst på litt miljøforandring? Eller kanskje du er student, og vil kickstarte året med litt lesing av pensum i fred og ro?
Millennium Cowork og Vekst i Hareid tilbyr gratis arbeidsplass på Millennium Cowork frå 11.-15. august! Ta med arbeidet ditt, og sit i nye fine lokale på Hareid!
Send e-post til kim@brakali.no for å booke deg plass i Coworken. Hugs å spesifisere kva dagar du vil bruke tilbodet.
Tips gjerne andre du kjenner som kan vere interesserte i tilbodet.
Og PS: På onsdag skjer det spennande ting! Sjå eige arrangement om Jobbmoglegheiter // Hareid