Støtteordningar

Med hoppid.no og
kommunalt næringsfond

Hoppid.no

Har du ein idè om å starte ditt eige føretak eller har du ein knakande god idè om eit nytt produkt?

Då er det greit å vite at Hareid kommune er med i den fylkeskommunale ordninga www.hoppid.no 

 

Denne ordninga er det Møre og Romsdal Fylkeskommune, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal samt Innovasjon Norge som står bak.

IN_CMYK.png
Hoppid-logo-png.png
MRF_logo_long.png

Hoppid.no-ordninga fungerer som ei teneste for alle i Møre og Romsdal som har oppstartsplanar, og består av både rådgjeving men også tildeling av stønad for avklaring.

Ein kan søke om inntil 30.000.- i avklaringsmidlar. Hareid kommune har valt å sette denne tenesta bort til ÅKP AS  som også utfører hoppid.no-tenester for fleire andre kommunar.

Alle hendvendingar er kostnadsfrie og veiledar i hoppid.no har teieplikt.

aakp_logo_RGB.png

Robert Voldnes er seniorrådgjevar i ÅKP og er kontaktperson også for Hareid. Han finn du ved ÅKP-kontoret i Ulsteinvik.

 

Ved å logge deg inn på Gründerplattforma til hoppid.no vil du kome i kontakt med Robert og få digital veiledning. 

Robert Voldnes

Kontaktperson hoppid.no

Telefon: 906 58 517

E-post: robert.voldnes@aakp.no

 
HK_logo.png

Kommunalt næringsfond

Det kommunale næringsfondet skal nyttast til å styrke nyskaping, innovasjon og næringsutvikling i Hareid kommune. Støtta skal gå til bedrifter og nyetablerarar som bidreg til vekst ved å skape nye arbeidsplassar

Bruksområde og føresetnader

Fondet skal brukast på bedriftsretta tiltak,
i regi av enkeltbedrifter eller i form av nettverk mellom bedrifter.
Tiltak kan støttast med inntil 50% av totalkostnad, avgrensa til maksimalt 150 000 kroner.
Kommunen kan vurdere å gi ein finansieringsdel på inntil 75 % til nyetablerarar. Vidare skal støtten ha ein utløysande effekt. Det betyr at midlane skal bidra til at tiltak som elles ikkje ville blitt gjennomført, blir realisert.
Midlane frå fondet skal ikkje brukast på ordinær drift, men til investerings- og utviklingsprosjekt som til dømes investering i ny type produksjonsanlegg og utstyr, profilering og merkevarebygging, produktutvikling, kompetansehevingstiltak, marknadsundersøking, bedriftsutvikling, rådgjeving eller bedriftsnettverk.
Søkjar må vere registrert med organisasjonsnummer i Einingsregisteret.
Alle som søkjer må oppgi kor mange nye arbeidsplassar tiltaket kan skape, eller bidra til å sikre.
Det er presisert at tildeling frå næringsfondet etter EØS-regelverk for statstøtte er definert som bagatellmessig støtte.

Kimen til vekst

Kommunalt næringsfond er ofte omtalt som dei lavthengande fruktene, eller kimen til vekst. For dei som har behov for større støttebeløp er moglegheitene mange via Innovasjon Norge, Forskningsrådet, Skattefunn, EU midlar osv.

 

Det kan ofte opplevast som utfordrande å forstå kva dei ulike kan bidra med og om dette er noko som passar di bedrift. Heldigvis sit verkemiddelapparatet på kyndige veiledarar som står klar til å hjelpe deg og di bedrift.

 

Desse kan du kontakte direkte eller gå via Vekst i Hareid. ViH skal vere bideleddet inn mot dette verkemiddelapparatet og vere i posisjon til å setje riktig aktørar i kontakt med kvarandre 

Vassverkvegen.jpg

Vassverkvegen

Foto: C.Nanseth

Søknadsskjema

Søknader skal sendast inn elektronisk til

For meir informasjon kan du lese om ordninga på Hareid kommune si nettside