Prosjektet er bygd opp av eit hovudmål som seier at Vekst i Hareid skal bidra til å legge grunnlaget for næringsutvikling og auke verdiskapinga i bedriftene.Hovudmålet ligg som ei overordna føring for både delmål og tiltak knytt til kvart enkelt innsatsområde.
Hovudmålet er vidare brutt ned i 5 målbare delmål som konkretiserer meir kva ein skal gjere og viser dei langsiktige effektane eller gevinstane som ein søkjer å oppnå.
Delmåla er vidare knytt opp mot dei tre innsatsområda næringsattraktivitet, bustadattraktivitet og besøksattraktivitet. Styringsgruppa i Vekst i Hareid har vore tydeleg frå start på at ein ikkje kan jobbe med næringsutvikling åleine. Dette sluttar også næringslivet seg til og det er derfor stor semje om at ein også må gjere Hareid til ein meir attraktiv plass å bu og besøke for å nå ønska resultat i prosjektet.
Under kvart innsatsområde er det konkretisert tiltak og prosjekt som blir jobba med i prosjektperioden.
Visjon, mål og strategi
Innsatsområde
Hareid ligg strategisk plassert i eit viktig knutepunkt mellom Søre Sunnmøre og Ålesundsregionen.
I tillegg ligg storhavet og skipsleia tett på.
For at bedriftene i Hareid skal tiltrekkje seg den kompetansen dei treng, må Hareid også vere ei attraktiv bukommune
Hareid skal vere ein attraktiv stad både å bu og besøke.
Natur og kultur er viktig for auka besøksattraktivitet. Dette har vi mykje av i Hareid.
Næringsattraktivitet
Lange tradisjonar
Tradisjonelt har Hareid alltid hatt ei nær tilknyting til havet, gjennom både fiskeri og fangst.
Som ei viktig brikke i ishavsnæringa og som ei betydeleg fiskerihavn, har Hareid lange tradisjonar og mykje erfaring knytt til havet.
Dette er forløparane til mykje av det næringslivet vi har i dag.
Ishavsmuseet i Brandal
Foto: C.Nanseth
Strategisk plassering
Hareid ligg strategisk plassert i eit viktig knutepunkt mellom Søre Sunnmøre og Ålesundsregionen. Med ferje- og hurtigbåtkai i sentrum har vi god kommunikasjon til ein større bu- og arbeidsmarknadsregion. I tillegg ligg vi nær to flyplassar som enkelt tek oss ut i verda.
Vidare har Hareid har ei unik beliggenheit, i brytningspunktet mellom havrom og fjordrom. Vi ligg i eit område med ein fjord med eigenskapar som eit fullskala laboratorium i miniatyr. I tillegg ligg storhavet og skipsleia tett på. Med bakgrunn i den maritime historia vår, har vi enormt med kunnskap og kompetanse knytt til havet. Dette gir oss heilt unike næringsmoglegheiter.
I tilknytning til prosjektet jobbar vi med tilrettelegging og tilgjengeleggjering av attraktive næringsareal, rekruttering, bedriftsutvikling i enkeltbedrifter og bedriftsnettverk.
Vi ønskjer også å skape og fasilitere møteplassar for næringsliv og kommune for betre samhandling og informasjonsflyt.
Med den tilgongen Hareid har til havet og ei kystlinje som dei fleste berre kan misunne oss, har vi store forutsetningar for å bruke havet meir i næringsaktivitet i framtida og enda til ta ein posisjon som set Hareid på kartet i denne samanheng.
Bustadattraktivitet
For at bedriftene i Hareid skal tiltrekkje seg den kompetansen dei treng, må Hareid også vere ein attraktiv stad å bu. Kombinasjonen av vekst i antal arbeidsplassar og bustadattraktivitet er i manga samanhengar avgjerande får å lukkast i omstillingsarbeidet. Dette er Hareid kommune sitt ansvarsområde, men det heng tett saman med Vekst i Hareid sine prioriteringar ambisjonar og blir derfor ein del av fokusområdet.
Frå Hovdenakken
Foto: C.Nanseth
Ein stad med identitet
Som ein del av omstillingsarbeidet har Hareid kommune etablert ei eining for næring, kultur og busetting som skal jobbe nettopp med dette. Stadutvikling, tilrettelegging av bustadtomter og sentrumsnære arealeffektive bustadar, god kommunikasjon til arbeidsmarknaden utanfor kommunen, stimulere bustadbygging og etablering av fleire sosiale møteplassar er nokon av fokusområda til denne eininga.
Vekst i Hareid skal fokusere på dei kommersielle delane av dette og vere ein pådrivar for brei medverknad og tilrettelegging i tråd med næringslivet sine behov og ønskjer.
Besøksattraktivitet
Natur og kultur
Hareid skal vere ein attraktiv stad både å bu og besøke. Dette heng tett saman. Besøkande kan avsette stort økonomiske fotavtrykk i ei kommune. Stadar med mange besøkande vil ha mykje overnatting og auka aktivitet i handel, kultur og eteplassar. Natur og kultur er viktig for auka besøksattraktivitet. Dette har vi mykje av i Hareid
Frå Overåsanden
Foto: C.Nanseth
Her skal Vekst i Hareid jobbe med kommersielle prosjekt som vil løfte Hareid som destinasjon, men som også vil verke positivt inn på bustadsattraktiviteten i Hareid. Vi skal ha god dialog med reiselivsaktørar i og utanfor kommunen og bidra til at dei gode prosjekta som kan sette Hareid på kartet vinn fram.
Hovudmål
Vekst i Hareid skal bidra til å legge grunnlaget for næringsutvikling og auke verdiskapinga i bedriftene
Resultatmål
1
Vekst i Hareid skal fasilitere møteplassar for relevante aktørar, med fokus på kunnskapsspreiing og nettverksbygging.
2
Vekst i Hareid skal bidra til å skape og sikre 200 arbeidsplassar i næringslivet på Hareid.
3
Vekst i Hareid skal bidra til minst 20 nyregistrerte bedrifter, der 5 av dei nye bedriftene har meir enn 5 tilsette.
4
Vekst i Hareid skal bidra til å skape og etablere prosjekt som går av seg sjølv etter omstillingsprosjektet er slutt.