top of page
Søk

Satsar på lokalt næringsliv med modernisering av fabrikk

Holstad Eiendomsutvikling vil transformere ein nedlagt møbelfabrikk til eit framtidsretta, moderne næringslokale, under navnet ID24. Med Vekst i Hareid som samarbeidspartner og Jets Vacuum AS som første leigetakar har dei teke første steg mot å nå målet.


Frå venstre: Hans-Ola Holstad, Gunnar Gjersdal og Julie Sundgot Andersen i Jets Vacuum AS sine lokaler i ID24. Foto: Jets Vacuum AS.

Bygget har ei total bygningsmasse på 12 595 kvadratmeter, fordelt på kontor, produksjonslokaler og lager. Det er god tilkomst for mottak av varetransport rundt heile bygget, og godt parkeringsområde. Dette gir oss store moglegheiter til å leige ut kombinasjonslokaler med parkering, kontor, lager og produksjonsareal nært sentrum, seier dagleg leiar i Holstad Eiendomsutvikling, Hans-Ola Holstad.


Ved å utnytte desse eigenskapane ønskjer Holstad Eiendomsutvikling å gjere ID24 til Nordvestlandets største fabrikker på ei flate med høg automatiseringsgrad. Dette kan skape verdiar og fleire arbeidsplassar til Hareid, noko som går hand i hand med Vekst i Hareid sine mål.


Hareid ligger svært godt lokalisert for næringsutvikling som eit knutepunkt mellom Søre Sunnmøre og Nordre Sunnmøre med fylkesvei, ferje og hurtigbåt, berre eit steinkast frå ID24. Dette gir stort potensiale for å få inn større bedrifter med vekstambisjonar, seier Julie Sundgot Andersen, prosjektleiar i Vekst i Hareid.


Jets Vacuum AS hjelper bedrifter over heile verda med å bli meir berekraftige ved å tilby vakuumløysingar og renseanlegg. ID24 kryssa også av på fleire viktige punkt då selskapet såg etter ei løysing på sine vekstutfordringar.


Jets har vokse mykje og vi trengte meir plass raskt, inntil vi har en heilheitleg løysing. Vi fekk tidleg god dialog med Holstad Eiendomsutvikling, og set pris på deira satsing på det lokale næringslivet. Holstad Eiendomsutvikling friska opp eit areal på 1400 kvadratmeter i ID24, og vi har utvida produksjonen med å ha delar av den her. Produkta våre NOMAD og Rover, laga for land- og spesielt event-marknaden, blir produsert utelukkande ved ID24, fortel Gunnar Gjersdal, Planning and System Development Manager i Jets Vacuum AS.

Ein viktig faktor for industribedrifta var nærheit til hovudkontoret, der Jets har både kontor og produksjon.


- Vi er opptatt av å ha våre tilsette tett integrert, og nærheita mellom ID24 og hovudkontoret gjør dette enklare. Vi vil rullere på kva lokasjon produksjonstilsette jobbar ved, og har felles lunsj for alle ved hovudkontoret, fortsetter Gjersdal.


Holstad Eiendomsutvikling er glade for å ha fått inn ei bedrift som tek berekraft på alvor, og som representerer viktige verdiar for framtida.

- Vi er svært glade for å kunne samarbeide og vere involvert i det Jets skaper her på Hareid. Dette er i tråd med det vi ønskjer å få realisert med ID24. Vi ønskjer å fortsette å tilrettelegge for vidare vekst i næringslivet her, seier Holstad.

Andersen frå Vekst i Hareid legg til at dette er eit viktig steg i arbeidet med å etablere ID24 og synleggjere moglegheitene bygget tilfører.

- At Holstad Eiendomsutvikling kan bidra til å legge forholda til rette for vekst og utvikling i Jets, og andre bedrifter, er svært gledeleg. Jets Vacuum AS er ein stor og viktig motor i næringslivet i Hareid med stort potensiale i framtida. Når bedrifter bidreg til å spele kvarandre gode gjennom eiga utvikling, har vi fått maksimal utnyttelse av potensialet, seier Andersen.


Holstad Eiendomsutvikling vil få inn framoverlente bedrifter som vil etablere ein toppmoderne fabrikk. I tillegg ventar dei at det vil kome fleire krav til miljøavtrykk, miljøsertifisering og energieffektivitet for bedrifter. Derfor vil Holstad Eiendomsutvikling modernisere bygget med fokus på energiforbruk og berekraft.


Dei grønaste og mest berekraftige bygga er dei som allereie er bygde. Det er meir berekraftig å modernisere og energioptimalisere eit eksisterande bygg, enn å rive og bygge nytt. Vi i Holstad Eiendomsutvikling ser stort potensiale i å modernisere og skape ny aktivitet i dette bygget, seier Holstad.

0 kommentarer

Comments


bottom of page