top of page

Ny samling i U37 Søre Sunnmøre

  • christineerdal0
  • 19. mai
  • 2 min lesing

Måndag 26. mai går den andre samlinga i det nyoppstarta U37 Søre Sunnmøre-nettverket av stabelen, denne gongen på Millennium Cowork på Hareid.

Snart klart for andre samling i U37 Søre Sunnmøre
Snart klart for andre samling i U37 Søre Sunnmøre

 U37 Søre Sunnmøre er eit medlemsnettverk for samfunns- og næringslivs-engasjerte unge vaksne under 37 år, med fokus på kompetanseheving og nettverksbygging. Mange har allereie meldt seg på samlinga, men der er framleis plass til fleire.

 

Tidlegare har det vore arrangert éi samling i nettverket, då med Ulstein Næringsforum og MAFOSS som arrangørar. Nytt til denne samlinga er at også Vekst i Hareid er med på arrangørsida.

 

-Å skape gode møteplassar er ei av hovudoppgåvene til Vekst i Hareid. Vi meiner at å legge til rette for kompetanseheving og nettverksbygging er ein viktig del av å gjere regionen vår meir attraktiv for tilflyttarar, og å gjere slik at dei som allereie har flytta hit finn seg til rette og blir verande, seier Christine Erdal, prosjektleiar for Vekst i Hareid.

-Det er viktig for heile vår region at vi tek vare på dei unge, seier Jan Thormodsæter i MAFOSS. -Mange bedrifter er gode på sjølve jobb-delen, men vi tenker at samlingar som legg til rette for møter også på tvers av fag og bedrifter er med å styrke bulysta ytterligare. Vi gler oss over samarbeidet med Vekst i Hareid og Ulstein Næringsforum, og det trur vi smittar over på dei som møter også, legg han til.

 

Tema for denne samlinga er “å skape gode møtestadar”. Dei som skal halde innlegg er:- Kim Lillebø (Managing Director at Brakali Group AS og medgründer for Millennium Cowork)- Jesper Törnqvist (Dagleg leiar og sportssjef i Hødd Fotball)

Dei skal fortelje meir om korleis dei arbeidar for å bygge lag, bygge lokalsamfunn og skape gode møtestadar.



Det vert også sett av god tid til nettverksbygging, og dei som ønsker det kan avslutte dagen med å kjøpe seg middag på Millennium Kafé.

 

-Det er supert om verksemdene våre her i regionen ønskjer å oppfordre unge og engasjerte på arbeidsplassen deira om å delta på U37-nettverket sine samlinger, seier Anna Klara Måseide, dagleg leiar i Ulstein Næringsforum. -Magi skjer som sagt når vi menneske møtast. Med U37-samlingar tilbyr vi gøy og relevant kompetansefyll med kjekke nye bekjentskap, og håper med det å knytte oss tettare saman og legge enda meir til rette for eit rikt fellesskap både på og utanfor jobb, avsluttar Måseide.


God stemning på den fyrste samlinga.
God stemning på den fyrste samlinga.


 
 
 

Comments


bottom of page