Samarbeid læring – næring starta som eit pilotprosjekt i 2022. No er prosjektet vidareført i ein femårsavtale som skal sikre dei som veks opp i kommunen god kjennskap til næringslivet og kva moglegheiter som legg her for dei når dei blir vaksne. Med prosjektet ønskjer ein å bidra til å skape stoltheit til heimbygda og bedriftene, slik at dei som veks opp her ønskje å flytte tilbake når dei er ferdig utdanna.
Avtalen er inngått mellom alle dei fem grunnskulane i Hareid kommune, 19 private bedrifter, Hareid kommune, Vekst i Hareid, Ungt Entreprenørskap, MAFOSS og Hareid næringsforum. I avtalen forpliktar bedriftene og skulane seg til å gjennomføre ei rekke aktivitetar for elevar frå 1.-10. klassetrinn.
Målet med samarbeidet er å sikre eit minste felles kvalitetsgrunnlag for alle som veks opp i kommunen. Ein ønskjer å starte tidleg med å introdusere dei som veks opp her for kva næringslivet i Hareid har å by på og bruke tid på å bygge kunnskapen som gjer borna betre rusta til å ta kloke utdanningsval og sjå potensiale for karrieremoglegheiter i heimbygda. Prosjektet Samarbeid læring – næring er ein vitig bidragsytar og eit ledd i Hareid si satsing mot barn og unge. Ei anna viktig effekt av prosjektet er identitetsbygging, seier prosjektleiar i Vekst i Hareid, Julie Sundgot Andersen. Vi ønskjer at dei som veks opp i kommunen skal kjenne på ei stoltheit til heimstaden sin og til det næringslivet vi har i kommunen. Vi håper også at dette skal kunne bidra til litt meir motivasjon og engasjement, spesielt blant dei største elevane, ved at dei lettare ser verdien av å fullføre skulen på best mogleg måte for å seinare få jobbane dei ønskjer.
I pilotperioden, som har pågått det siste 1,5 året, har elevane allereie fått ein smakebit på dette arbeidet. Sjølv om det er for tidleg å seie noko om effekten så langt, ser ein ei rekkje positive ringverknader av arbeidet. Meir motiverte elevar, tettare dialog mellom skule og bedrift og større engasjement rundt entreprenørskap er nokon av dei. Dette er svært gledeleg å sjå, uttaler Siv-Marit Røyset Kaldhol, rektor ved Hareid ungdomsskule. Saman med dei andre rektorane brenn ho for å få til meir aktivitet i samarbeid med næringslivet. Avtalen gir oss kontinuitet og forutsigbarheit i arbeidet, den lettar arbeidsmengda på enkeltlærarar og sikrar tett dialog med bedriftene, held ho fram.
Denne veka møttes partane til signeringsmøte i produksjonshallen til Dimo på Hareid. No er ny avtale signert for fem år, noko som betyr at Hareid vil halde fram det langsiktige arbeidet mot barn og unge. Det vil årleg bli gjennomført ei rekke bedriftsbesøk og besøk frå bedriftene inn på skulane. Ein skal gjennomføre alle programma til Ungt Entreprenørskap og ein har lagt opp til ei spissa satsing på lokalutvikla opplegg som Jenter og teknologi og Menn i helse.
Både offentlege og private arbeidsplassar er inkludert i avtalen og at så mange arbeidsplassar er med på prosjektet, sikrar at vi får vist fram mangfaldet og variasjonen i moglegheitene som ligg her. Bedriftene er svært positive til å vere med. Folk og kompetanse er avgjerande for å sikre bedriftene sin eksistens i framtida. Vi må sikre at vi får tilbake dei som veks opp her og vi må sikre at dei reiser ut for å utdanne seg med eit positivt inntrykk av Hareid og moglegheitene her. Dette er næringslivet sin måte å bidra i denne dugnaden på, seier Hans Røyset, regionsdirektør i Spenncon Nordvest.
Ordførar, Bernt Brandal, som også er styremedlem i Vekst i Hareid, er overtydd om at dette er eit viktig ledd i arbeidet med næringsutvikling, identitetsbygging og for at ungdom skal ynskje å bu og arbeide i kommunen.
Comments