Søk

Gründertreff på Skaparhuset

Denne veka hadde vi gründertreff på Skaparhuset i samarbeid med hoppid.no.


Dette er eit av fleire gründertreff som Vekst i Hareid har arrangert dette året, og er igjen ein del av ei satsing som vi legg opp til i Hareid, for å auke gründeraktiviteten i kommunen. Knoppskyting og det å skape eit miljø og ein møteplass for nystarta bedrifter, er ein viktig del av det Vekst i Hareid jobbar med. Vi har hatt ulike tema på dei ulike treffa vi har hatt så langt. Denne gongen var det Skaparhuset som var tema og då var det også naturleg at treffet blei nettopp der.


Skaparguiden Tobias fortel og viser fram utstyret ein finn på Skaparhuset.

Dei som møtte opp denne ettermiddagen fekk vite meir om kva Vekst i Hareid er og korleis vi jobbar mot nystarta bedrifter eller dei som går med ein idè om å starte opp noko. Vidare fortalde Robert Voldnes om åkp og hoppid.no. Robert er seniorrådgjevar og kompetansemeklar i ÅKP, samt hoppid.no-kontakt for Hareid, Herøy og Ulstein. Han orienterte litt om kva dei miljøa han representerer kan bidra med både for gründerar og etablerte verksemder. Robert har dessutan kontor i etasja over Skaparhuset.


Vidare fekk vi innsikt i Skaparhuset og dei ulike moglegheitene som ligg der av Tobias Hatløy og Kjersti Kleven. Ei omvisning på Skaparhuset gav oss ekstra godt innblikk i korleis ta i bruk Skaparhuset. Som skaparguiden Tobias fortel, er Skaparhuset å rekne som ei utvida garasje full med utstyr. Huset er godt utstyrt med verktøy, 3D printer, laserbrennar, elektronikklab, symaskiner, robot, vr-stasjon, og teknologisk underhaldning for å nemne noko. Deltakarane fekk også moglegheit til å prøve seg litt fram og sjå korleis til dømes vr-stasjonen fungerer.


Neste treff i denne serien blir seinare i haust på Hareid. Du finn link til påmelding under"Kva skjer" i hovudmenyen. Vi ønskjer enda fleire gode idèar hjerteleg velkomen!

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle