Søk

Etablering av næringspark i Hareid

Vekst i Hareid ser på moglegheita for å opprette ein næringspark som eit kontorfellesskap for mindre bedrifter eller enkeltmannsforetak i Hareid. Etter at Vekst i Hareid starta opp har vi hatt dialog med fleire aktørar som kunne tenke seg å vere ein del av eit slikt fellesskap, men det er viktig at fleire melder interesse for at vi skal kunne jobbe vidare med dette.



Mange små aktørar saknar ofte eit miljø fordi det blir få å spele på i eiga bedrift. Gründerar startar ofte opp nærmast i kjellarstova heime og etterkvart som dei ser at bedrifta etablerer seg, kan det vere gunstig å finne seg eit kontorlokale utanfor eigen heim.



I eit kontorfellesskap vil ein få ein møteplass og lettare kome i dialog med andre i næringslivet. Dersom ein kan setje saman fleire aktørar som på eit vis også kan utfylle kvarandre hadde det vore kjempeflott for næringsutviklinga i kommunen. I ein næringspark kan det vere både cellekontor og ope kontorlandskap, alt etter kva bedriftene ønskjer.


Det kan også tenkjast at ein slik næringspark vil innehalde fellesfunksjonar som til dømes kantine, møterom og liknande som bedriftene kan nytte.


Dersom di bedrift har behov for kontorlokaler eller du kjenner nokon dette kan vere aktuelt for er det fint om du tek kontakt med prosjektleiar i Vekst i Hareid, Julie Sundgot Andersen.

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle